Regionalt miljøprogram (RMP)

Regionale miljøtiltak er miljøtiltak på eigen gard.  Ordninga gjeld for heile landet, men har eigne forskrifter i kvart fylke. 

Statsforvaltaren i Rogaland sine nettsider ligg det ei god oversikt over dei ulike tilskotsordningane. 

Søknadsfrist 15. oktober

Søknadsfristen er 15. oktober (du kan søkje frå 15. september). Søknaden gjeld tiltaka som er gjort i vekstsesongen 2023.  Frist for å registrere areal med miljøverdiar, merking av tursti, avmerking av tursti på kart m.m. er likevel 31. juli.

  • Nytt i 2023 er at søknader som kjem inn innan fristen 15. oktober kan endrast og oppdaterast fram til 29. oktober (likt som produksjonstilskot).
  • Søknader som kjem inn etter 15. oktober får eit trekk på 1000 kr. pr dag som søknadsfristen er overskriden. Søknader som kjem inn seinare enn 29. oktober blir avvist.

 
Fyll ut og lever søknad

For ein del av ordningane ligg det klar data frå tidlegare søknader. Desse opplysningane ligg klar på kartet og kan hentast over til nytt år. Du bør likevel kontrollere at opplysningane på kartet  stemmer og kontrollere at tala er dei same som forrige år dersom det ikkje er nokon endringar. 
For denne ordninga er det framleis mogleg å levere søknad på papirskjema.

Lurt å søkje elektronisk

Vi oppmodar likevel alle til å søkja elektronisk. Ikkje minst fordi du då får med deg data frå tidlegare søknad og at du får rettleiing etter kvart som du fyller ut søknaden. Det vert og utført kontrollar på korrekt utfylling og du får kvittering på at søknaden er motteken.

Landbruksdirektoratet har laga ein steg for steg-informasjon. Kommunen har og laga ein eigen steg for steg-rettleiar. (PDF, 100 kB)
Dersom du treng meir hjelp av oss så ta kontakt på telefon og avtal tid. Hugs og å ta med deg  bankid-brikke eller tilsvarande for å logge inn på Altinn.

Kven kan søkje?

Alle føretak som har rett på produksjonstilskot  i søknadsåret kan søkje.  Søkjar må ha årleg gjødselplan og godkjent plantevernjournal. 
 

Endringar i 2023

I samband med rullering av regionalt miljøprogram er det gjort ein del endringar i tilskotsordningane. Desse endringane er mest relevante for søkjarar i Bjerkreim:

  • Vedlikehald av ferdselsårer i jordbrukslandskapet: Lik tilskotssats uavhengig av avstand frå tettbygd strok.  Gjeld registrerte, merka og kartfesta turstiar.
  • Skjøtsel av bratt areal: Ikkje lenger krav om å ha minst 15 dekar bratt areal, utbetaling frå fyrste dekar. Gjeld dyrka jord og innmarksbeite brattare enn 1:5
  • Skjøtsel av automatisk freda kulturminne: Ikkje lenger krav om 15 daa freda areal, utbetaling frå fyrste dekar. Ved tilskot til enkeltståande gravminne er det framleis krav om minst 3 stk. 
  • Miljøvenleg gjødselspreiing: Det er sett ei grense på maksimalt 6 tonn gjødsel per gjødsling, dette for å unngå avrenningsproblematikk
  • Beiting av kystlynghei: Minimum beitetid er endra frå 8 til 10 veker. Dette for å sikra tilstrekkeleg avbeiting av areala.
  • Brenning av kystlynghei: Ny ordning frå i år. Du kan få tilskot på kr. 400,- pr. da for brenning av kystlynghei i klasse A, B og C. Brenninga skal skje mellom 15.09 og 15.04, og skal alltid avklarast med lokalt brannvesen og lagas brannplan i forkant. Det skal gå minimum 10 år mellom kvar brenning. Maksimalt tilskot pr. foretak er 60 000,-.
  • Skjøtsel av myr: Tidlegare var det eit vilkår for å kunna søkja på tilskotsordninga «Skjøtsel av biologisk viktige areal – beiting av myr ved jordbruksareal» at arealet var naturtyperegistrert i miljødirektoratet sin miljøbase. Då lite av myrareala i Bjerkreim har vore utsett for ei slik kartlegging, har denne tilskotsordninga vore lite aktuell her i kommunen. Frå og med i år er ordninga endra, slik at all intakt myr som er klassifisert som myr i AR5 og ligg inntil dyrka jord eller innmarksbeite godkjent som spreieareal kvalifiserer til tilskot. Statsforvaltaren skriv vidare at myrareala må vera utan grøfter, kanalar eller liknande inngrep og ha eit tydeleg ugjødsla og naturleg preg. Ein må og syta for at skjøtselen er i tråd med fylgjande skjøtselsråd:
    • Ingen bruk av kjemiske plantevernmidlar, mineralgjødsel eller husdyrgjødsel.
    • Ingen sprøyting med plantevernmidlar så framt dette ikkje er ein del av godkjend skjøtsel.
    • Oppslag av busker og tre skal haldast nede.
    • Unngå beiting som fører til for mykje opptrakking.
  • Kantsone langs vassdrag: Gjeld no i heile fylket, og ikkje berre i spesielt prioriterte vassområde.

Det fins fleire typar tiltak som kan søkjast på.  Ei samla oversikt over kva miljøprogrammet omfattar, og kva som er regelverket for ordninga, er å finne på statsforvaltaren sine nettsider

Einkvar som søkjer pliktar å setje seg godt inn i regelverket for den ordninga som vert søkt på. Om du søkjer på ei ordning du ikkje har søkt på tidlegare, så er det svært viktig at du set deg inn i kva vilkår som gjeld. Ta gjerne kontakt med oss på landbrukskontoret om du har spørsmål
 

Forskrifter og anna informasjon om ordninga:

Forskrifter i lovdata

Informasjon frå Landbruksdirektoratet

Informasjon frå statsforvaltaren

Svein Olav Tengesdal
Fagkonsulent landbruk
E-post
Telefon 51 20 11 73
Mobil 99 02 10 19
Gerd Siqveland Engelsgjerd
Landbrukssjef
E-post
Telefon 51 20 11 70
Mobil 97 61 85 19
Ivar Tore Hetland
Fagkonsulent
E-post
Telefon 51 20 11 72
Mobil 92 48 13 21