Borgerlig vigsel

 

Frå 1. januar 2018 skal borgarlege vigsler skje i kommuane

- i eigen kommune, anna kommune eller ved norsk utanriksstasjon.

Kvar og når kan me gifte oss?

Bjerkreim kommune vil normalt nytta kommunestyresalen eller kulturbanken som vigselslokale. Det kan gjennomførast vigsler frå måndag til fredag mellom kl. 11.00 og kl. 14.30, siste laurdag i juni og siste laurdag i juli. Det blir ikkje høve til vigsler på heilagdagar.

Kven kan vigsle?

Ordførar og varaordførar er etter loven tildelt mynde som vigslarar. I Bjerkreim kommune er i tillegg kommunedirektøren tildelt mynde som kommunal vigslar. 

Kva kostar det?

Bjerkreim kommune tek ikkje betalt for vigsel. Bjerkreim kommune tilbyr også vigsler til par som er busett i andre kommunar.

Bestilling av vigsel

Du må senda skjema for bestilling av vigsel i rimeleg god tid før ønskja vigsel. (Skjemaet er elektronisk og krev innlogging via ID-porten.) Du må fylle inn namn, personalia, ønskja tid og stad for vigsel,  ønskja vigslar og ev. ønskjer for seremonien.

Bestilling av vigsel

Språk

Vigselen kan skje på nynorsk, bokmål eller engelsk. For andre språk må brudeparet sjølv syta for tolk.

Erklæringar og attestar

Før vigselen må brudeparet syta for at nødvendige skjema og attestar blir fylt ut og sendt til folkeregisteret ved sitt lokale skattekontor. Behandlingstida er to-tre veker. Følgjande skjema må fyllast ut og sendast inn til folkeregisteret: Eigenerklæringar, forlovarerklæringar og attestar.

Alle desse skjema finn du hjå Skatteetaten

Skatteetaten/folkeregisteret sender dykk ein prøvingsattest som viser at vilkåra for å inngå ekteskap er oppfylt. Denne er gyldig i fire månader. Attesten må de senda/levera til Bjerkreim kommune seinast 2 veker før vigselen. De kan senda attesten digitalt til Bjerkreim kommune. Alle spørsmål knytt til prøvinga må rettast til folkeregisteret ved dykkar lokale skattekontor.

Nokre dagar etter vigselen sender skatteetaten/folkeregisteret stadfesting på vigselen til dykk i Altinn. Dersom de ikkje er digitale brukarar, får de stadfestinga tilsendt i posten.

Før vigselen må brudefolk og vitner (forlovarar) visa gyldig legitimasjon med foto.

Om seremonien

Brudefolk, forlovarar og gjester bør møte opp 10-15 minuttar før avtalt tid for vigsel. Ein må vente utanfor seremonirommet til ein blir vist inn. Det skal vera to vitner til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarane, men det kan også vera to andre myndige personar.

Seremonien varer i 10-15 minutt. Sjølve vigselen føregår ved at vigslar les ein fastsett tekst for borgarleg vigsel. I slutten av seremonien underteiknar brudeparet, vitna og vigslaren vigselprotokollen/-meldingen. Dersom de ønsker å utveksle ringar, må dette vera avtalt på førehand, gjerne når det blir bestilt tid for vigsel. Ein kan også gje beskjed til vigslar før seremonien startar. Ringane blir sett på når vigslar har erklært dykk som ektefolk. De kan gjerne ha musikk eller diktlesing under seremonien, men dette må avklarast på førehand.

Fotografering kan skje under og etter seremonien etter avtale med vigslar.

Vigselprotokollen er offentleg. Bestilling av vigsel og alle andre dokument er ikkje offentlege.

Lenker

Forskrift om kommunale vigsler
Ekteskapsloven

Tone Vaule
Ordfører
E-post
Telefon 51 20 11 02
Mobil 92 45 76 29
Bente Gro Milwertz Slettebø
Varaordfører
E-post
Ørjan Daltveit
Kommunedirektør
E-post
Telefon 51 20 11 25
Mobil 90 50 08 85
Kommunikasjon- og dokumentasjonsavdelingen
E-post
Telefon 51 20 11 00
Torunn Gjedrem
Arkivansvarlig
E-post
Telefon 51 20 11 62

Åpningstider

Bjerkreim kommunehus

Man. - fre. kl. 08 - 15

Adresse

Nesjane 1

4389 Vikeså

Kart