Landbruk

Bjerkreim er ein viktig landbrukskommune, der om lag 14 prosent av dei yrkesaktive er sysselsette i primærnæringa.

Eigarane av gardsbruka står for ca 20 prosent av totalt innbetalt inntekts- og formuesskatt til kommunen. Dei tilsette på landbrukskontoret har ansvaret for jord- og skogbruk, næringsutvikling, vilt og fiske. Kommunen er staten sin forlenga arm til å medverka til gjennomføring av den gjeldande nasjonale landbrukspolitikken.

Nasjonale mål for næringa er bl.a. å oppretthalda matproduksjonen, sysselsetjinga, busetjing i heile landet og sikra ei berekraftig forvaltning av jordbruks- og skogsareal. Kommunen skal på vegne av staten forvalta dei ulike verkemidla gjennom tilskotsordningar, lover og forskrifter. 

Jordbruk

Bjerkreim kommune har eit landareal på 586 km² (660 km² inkl. vatn). Av dette er omtrent 24.000 dekar (da) dyrka og 35.000 da innmarksbeite. Jordbruksarealet utgjer altså bare ti prosent av totalarealet, herav fire prosent dyrka jord.

99 prosent av den dyrka jorda vert brukt til grasproduksjon, resten til korn og potet. Dei store beite- og utmarksviddene har lagt grunnlaget for eit stort hald av storfe og sau, som er dei dominerande dyreslaga i kommunen.

Over 50 000 dyr

I beitesesongen er det rundt 47.000 sau, lam og geiter og 5.300 storfe som gjer ein fantastisk jobb med å produsera mjølk og kjøt av å eta det som veks på inn- og utmarka. I tillegg skjøttar dei det flotte kulturlandskapet i Bjerkreim, som bl.a. er til stor glede for dei som likar å gå på tur på ein eller fleire av dei 420 kilometer med merka turstiar.

Stor mjølkeproduksjon

Mjølkeproduksjonen har vore berebjelken i landbruksnæringa i Bjerkreim. Det vart i 2018 produsert om lag 17 millionar mjølkelitrar på 87 gardsbruk. Med eit gjennomsnittsforbruk på 300 liter mjølk per nordmann, tilsvarer dette årsforbruket til ca. 56.700 personar.

Utviklinga er færre mjølkebruk og større buskapar, som samsvarar med utviklinga i Rogaland og resten av landet. Bjerkreim har hatt ein reduksjon i tal på mjølkebruk på 35 prosent på ti år, medan kutalet er stabilt på ca. 2.500, som tilsvarer 29 kyr/bruk.

Om lag 150 bønder har sauer på garden, med ein samla buskap på vinteren på ca. 20.000 dyr. Vi kivast med Oppdal i Trøndelag om å vera den største sauekommunen i landet.  Elles har vi 36 bønder med ammekyr, tre med geiter, fire med pelsdyr, 25 med svin, to med kylling og to store med eggproduksjon.

Skogbruk

Den naturlege skogen består i dag av furu, bjørk, eik, svartor, rogn og osp. Gran er det dominerande treslaget som har vorte planta, og ein reknar med at grana produserer fire gonger så mykje som naturskogen. Det produktive skogarealet i Bjerkreim er på ca. 78.000 da, herav 45.000 da av høg bonitet. Etter taksering av plantefelta og planting av klimaskog, er det no ca. 23.000 da med barskog i kommunen. Skogen er viktig for klimaet med binding av CO2.

Gerd Siqveland Engelsgjerd
Landbrukssjef
E-post
Telefon 51 20 11 70
Mobil 97 61 85 19
Sander Huslende Alfredsen
Skogbrukssjef
E-post
Mobil 47 28 13 65
Svein Olav Tengesdal
Fagkonsulent landbruk
E-post
Telefon 51 20 11 73
Mobil 99 02 10 19
Ivar Tore Hetland
Fagkonsulent
E-post
Telefon 51 20 11 72
Mobil 92 48 13 21