Skogbruket i Bjerkreim

Bjerkreim har i dag små areal att av dei store furu- og eikeskogane som dekka landskapet for 2 – 3000 år sidan.

Restane av fordoms skogar finn ein i dag i myrane. Kva som skyldast den store avskoginga kan ein berre spekulere i, men i myrane finn ein restar etter minst to store brannar. Gamle segn fortel at skogen vart svidd av for å halde rovdyra unna buskapen.

Rovhogst og beiterydding har også vore svært utbreidd i tidligare tidar. På 1500 – talet var eikeskogen i Eikebrekka kjent langt utover landets grensar som kvalitetstømmer til skipsbygging. Danskekongen bestemte den gong å nekte hogst og sal av dette tømmeret. Han ynskte å nytte tømmeret til bygging av eigne skip. I dag er det berre namnet att som fortel om eikeskog her.

Den naturlige skogen består i dag av: furu, bjørk, eik, svartor, rogn og osp. I tillegg finst sprette førekomstar av lind og alm. Restar etter dei store furuskogane finn ein frå grensa til Eigersund, forbi Berse, opp til Storavatnet og vidare til Austrumdal.

Ein har ikkje føretatt nokon nøyaktig kontroll av skogareala i kommunen sidan dei økonomiske karta vart laga i slutten av 70-åra. Den som har følgt med naturen dei siste 30 åra har opplevd å sjå korleis utmarka er i ferd med å gro til. Ikkje med voksterlig planteskog, men med bjørkekratt. Såleis er mykje av areala som jordregisteret frå 1981 har definert som skogreisings-mark i dag tresett.

Litt historie om skogreisinga i Bjerkreim

Alt i 1872 starta staten å gi tilskott til skogreising, og eit av dei fyrste felta i Rogaland vart planta nettopp i Bjerkreim.

Staten og A/S Skog kjøpte opp snaumark i kommunen å tilplante denne. I dag fremstår desse områda som fine produktive skogområder. Tidligere statsskogar i Bjerkreim er foruten halve Røyslandskogen nå solgt til private aktørar.
Lienskogen på Svela som fortsatt er eigd av A/S Skog er resultat av denne plantinga.

Kommunen hadde eigen skogtenestemann fram til 1983. Etter denne tid har det vore eit samarbeid med Eigersund,  og etter kvart Sokndal.  I dag har ein 40% stilling for å ta seg av skogsakene.

Utmarkskomiteane hadde i starten på 60-åra ein gjennomgang av skogreisingsmark i kommunane. For Bjerkreims vedkommande vart det registrert 87.481 daa snaumark eigna til planting. Vidare vart det registrert 3.169 daa lauvskog eigna til treslagskifte. Totalt 90.650 daa, som svarer til 36.5 % av areala under 300 m.o.h. For å klare å plante dette arealet dei neste 50 åra, måtte ein nyplante ca 1.800 daa/år. Året 1959 planta ein faktisk 1.847 daa, men det er det einaste år ein har vore i nærleiken av utmarkskomiteen si målsetting.  I dag er Bjerkreim saman med Tysvær pilotkommuner vedrørende etablering av klimaskoger.  Klima og energiplanen legg også opp til mye skogplanting for å redusere utslippet av karbondioksid.  Granskogen og ikke minst sitkaskogen binder som kjent store mengder C02. 

Dalane er utpeika som eit optimalt område for planting av lerk (bilete 3). Ja, kanskje det beste i landet. Sagbruka i distriktet har også lært seg til å bruke dette treslaget på ein framifrå måte. Sjølv om grana i dag er det dominerande treslag som har vore planta, kjem lerka på ein god andreplass. Planta furu er og vert vanskeleg å få fin i området, og kan vanskeleg nyttas til anna enn ved. Ein reknar med at grana produserar meir enn 4 gongar så mykje som naturskogen.

Bjerkreim kommune har stimulert skogbruket i kommunen med eit kommunalt tilskot på inntil 25 % av godkjente kostnader. Dette har vært viktig for skogreisinga i kommunen

Sander Huslende Alfredsen
Skogbrukssjef
E-post
Mobil 47 28 13 65