PPT - pedagogisk psykologisk tjenestePP-tenesta skal hjelpe barn, elevar og vaksne med behov for særskild tilrettelegging.Mål med PP-tenestaFøremålet er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PP-tenesta skal også hjelpe barnehagar og skular med å leggje til rette for barn og elevar med særskilde behov.HenvisingsprosessenNår barn/elevar blir henviste til PP-tenesta skal det leggjast til grunn at barnehagane/skulane sjølv har gjort eit stykke arbeid for å løyse eller hjelpe med problema barnet har. I tillegger det forventa kartlegginga som barnehagen/skulen sjølv kan gjere er gjort og vedlagt henvisinga. Vanlegvis er det barnehagar/skular som henviser i samarbeid med føresette. Føresette og elevar kan også ta kontakt sjølv, eller dei kan henvende seg gjennom lege eller helsestasjon.Fleire opplysningarFor ytterlegare informasjon, sjå heimesida til PP-tenesta i Egersund Publisert 25.02.2019 11.30 Sist endret 07.04.2025 13.23