8 Pliktene til elevane
Skulane i Bjerkreim kommune skal vera prega av eit konstruktivt samarbeid mellom elevar, føresette og tilsette. Elevane skal læra å sjå seg sjølv som medansvarleg for eit godt fellesskap, og sentrale verdiar som respekt og toleranse blir vektlagt. Skulereglane skal vera eit verktøy for å oppnå ei slik målsetting.
Elevane på skulane i Bjerkreim kommune pliktar å møta til undervisning på skuledagar, og ha ein oppførsel som er i tråd med skuleregalane. Elevane har mellom anna plikt til å:
- arbeida for å få eit godt lærings- og skulemiljø
- behandla andre på ein omsynsfull måte
- visa andre respekt og la dei og skulen sine eigendelar vera i fred
- ikkje krenka andre fysisk, verbalt eller digitalt.