Forskrift om elevpermisjon

3 § 3 Permisjon for trusretningar

Elevar som høyrer til eit anna trussamfunn enn den norske kyrkja, har etter søknad rett til permisjon frå skulen dei dagane trussamfunnet har heilagdag, jf. opplæringslova § 2-2. Denne permisjonen inngår ikkje som permisjon i § 2. Retten til permisjon etter denne paragrafen føreset at foreldra sørger for opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa på skulen etter fråværet.