Stortingsvalet: Sjekk om du står i manntaletMåndag 8. september 2025 er det stortings- og sametingsval. For å kunne stemma, må du oppfylla visse krav, og det er særleg viktig å sjekka at du står i manntalet.Kven har stemmerett?Ved stortingsval har du stemmerett dersom du:• Er norsk statsborgar• Har fylt eller fyller 18 år innan utgangen av 2025• Er, eller har vore, registrert som busett i Noreg• Står i manntaletSjekk manntalet frå 10. juliManntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn på kommunehuset frå om lag 10. juli og fram til valdagen 8. september. Det er viktig at du sjekkar at du står oppført korrekt – særleg dersom du har flytta til Bjerkreim kommune i år.For å stemma her på valdagen, må du ha meldt flytting og fått dette registrert innan 30. juni. Dersom du ikkje står i manntalet i Bjerkreim kommune, kan du ikkje stemma her på sjølve valdagen. Du kan likevel førehandsstemma her, stemma di blir då sendt til den kommunen du er manntalsført i.Feil i manntalet?Dersom du meiner at du eller nokon andre er feilført, eller ikkje står i manntalet i det heile, kan du krevja retting. Kravet må vere skriftleg og grunngjeve, og sendast til:Bjerkreim valstyrePostboks 174384 Vikesåpostmottak@bjerkreim.kommune.no Publisert av Bjørn Egil Gilje Publisert 08.07.2025 08.00 Sist endret 04.07.2025 13.42