Stortingsvalet: Du kan førehandsstemma

Frå og med måndag 11. august til og med fredag 5. september både på stortingsvalet og sametingsvalet, i kva for ein kommune du vil. 

Dersom du står i manntalet i ein annan kommune, blir stemma di sendt dit.

I Bjerkreim kommune kan du førehandssemma:

  • på kommunehuset på Vikeså (Nesjane 1, Vikeså) kvardagar mellom kl. 08.00 og 15.00
  • ved utvida opningstid på kommunehuset måndag 1., tysdag 2. og onsdag 3. september til kl. 19.00


Dersom det ikkje er muleg for deg innafor dei nemnde tidene, kan du avtala tid utanom opningstida. Ring tlf. 51 20 11 00.

Førehandsstemming i institusjon

Det blir høve til førehandsstemming på Bjerkreim omsorgssenter torsdag 4. september mellom kl. 12.00 og 13.00.
 

Ambulerande førehandsstemming

Veljarar som ikkje kan stemma i oppsette lokale på grunn av sjukdom eller uførheit, kan søkja valstyret om å få førehandsstemme der dei oppheld seg (heime).
Ta kontakt på telefon 51 20 11 00 dersom det gjeld deg. Fristen for å søkja om dette er torsdag 4. september kl. 12.00.


Hugs legitimasjon når du skal stemma!

Kommunens informasjon om Stortingsvalet.

Generell informasjon om Stortingsvalet finn du på Valg.no.
 

Torunn Gjedrem
Arkivansvarlig
E-post
Telefon 51 20 11 62
Brit Fuglestad
Saksbehandler
E-post
Telefon 51 20 11 63