Snikopna BjerkreimsverdenOmrådet ved Bjerkreim skule er snart ferdig forvandla til eit flott nærmiljøanlegg. Det manglar framleis litt før alle kan leika og kosa seg i Bjerkreimsverden. Men så snart du ser at byggegjerda er borte, er det berre å boltra seg for små og store. Alt er truleg ferdig i juli. Elevane på Bjerkreim skule og Røysekatten barnehage fekk testa anlegget torsdag. Bjørns hage og anlegg har gjort jobben, og arbeidet har kosta godt åtte millionar kroner eksklusiv moms. Litt av det som er bygd:Klatretårn med rutsjebanarHinderløypeParkourbanePumptrackbaneFugleredehuskeLøpebane med tartandekkeFleire trampolinarAmfi med overbygg, benkar, lys, tre og buskar Publisert av Bjørn Egil Gilje Publisert 20.06.2025 10.10 Sist endret 20.06.2025 11.10