Lagar digitale løyper for å bli sikrare i trafikken

I samarbeid med Trygg trafikk har Bjerkreim skule eit undervisningsopplegg der elevane lager trafikale gå- og sykkelløyper.

Politimann i skolegården. Snakker med elever som alle har sykkel. - Klikk for stort bildeJon Uleberg snakkar om trafikktryggleik for fjerdeklassingane.

Trafikale gå- og sykkelløyper er digitale løyper som elevar lager saman med lærarar. Elevane syklar og går løyper dei  har laga i sitt eige nærmiljø, og får øva på trafikale situasjonar i trygge omgjevnadar.
 

— Målet er at ungane på Bjerkreim skule skal verte trygge, observante og sikre i trafikken. Difor har skulen dette undervisningsopplegget. Vi har løyper i Røyslandsdalen, men også løyper som går til Vikeså og stadion, forklarer inspektør Marianne Solberg Horntvedt. 
Nyleg fekk skulen besøk av politikontakt Jon Uleberg, som demonstrerte kvifor det er så viktig å bruke sykkelhjelm. 
— Kvifor er det så viktig å bruke hjelm? spør Uleberg.
— For å redde hovudet! svarer fjerdeklassingane.
Uleberg illustrerer med to egg. Det eine har på «sykkelhjelm», og blir ikkje knust når Uleberg slepp det i asfalten frå ein meter. Egget som ikkje har hjelm blir sjølvsagt knust. 
 

Etterpå fekk elevane prøva ferdigheitene i ei sykkelløype i skulegarden.