Bjerkreim bru stengjer 22. april: Påverkar skulebusstidene

Brua skal gjennom eit omfattande vedlikehaldsarbeid. Frå 22. april til juli er brua stengd for all biltrafikk.

Bjerkreim bru, med veiskilt til venstre - Klikk for stort bilde

— Mjuke trafikantar kan bruke brua i heile perioden. Brua blir åpnet for trafikk så snart arbeidene på brudekket er fullført, noe som etter planen kan skje allerede rundt månedsskiftet mai/juni, seier byggeleiar John-Olav Kirkengen i Rogaland fylkeskommune.

I stengjeperioden er Gamle Bjerkreimsvei, frå E39 ved Gjedlakleiv, omkøyringsveg.

Bussane bruker lengre tid

Arbeidet påverkar skulebusstidene. SK 1405 og SK 1406, som køyrer mellom Bjerkreim skule og Vikeså skule, får 10 minutt lengre reisetid. Det vil seie at SK 1405 er ved Vikeså skule ca. 08:05, når skuledagen startar og SK 1406 vil vere der 08:15.