Spreieareal og husdyrgjødsel

Ny gjødselbruksforskrift

Ny gjødselbrukforskrift vart vedteken den 30.01.25 og trådte i kraft den 1.02.25. Kva gjeld ?

Arbeidet med den nye gjødselbrukforskrifta starta heilt tilbake i 2009, og etter 16 års «svangerskap» er den her. Me vil forsøke å gå gjennom dei viktigaste endringane, og forklare når dei trer i kraft. Den absolutt viktigaste endringa er at ein ikkje lenger snakkar om GDE, men om maks kg fosfor (P) pr. daa. No skal også mineralgjødsel inn i fosforrekneskapen dykkar, så sverger du til ein av fullgjødseltypane, så har du ei utfordring.

 

Spreietidspunkt:

Fram til 01.01.27 gjeld dagens spreietidspunkt med  15.02, dersom frostfritt, og siste frist til å spreia på hausten er 01.09. Etter det vert det spreiestart 01.03 og siste frist 15.09. Statsforvaltaren i Rogaland har allereie sett i gang eit arbeid for å framleis ha siste frist for spreiing den 01.09. Kommunen kan ikkje lenger gje dispensasjon for utsett spreiefrist etter 01.09.25, det kan kun Statsforvaltaren! Silosaft vil også få siste spreiefrist 15.09 eller 01.09 frå 2027.

 

Gjødslingsjournal:

Alle foretak med meir husdyr enn det som tilsvarer 75 kg P, i praksis vil det vera alle i Bjerkreim kommune, skal frå 2026 ha ein eigen gjødslingsjournal i tillegg til gjødselplanen. Journalen skal vise: dato, areal, type gjødsel, mengde nitrogen og fosfor pr. daa og totalt N/P. Skal vera klar for kontroll innan 01.11.26 og skal lagrast i 5 år. Merk dykk  at denne både skal innehalde brukt husdyrgjødsel og mineralgjødsel.

 

Endring i fosfortal for ulike dyreslag, som trer i kraft allereie i 2025, så dette er viktig!

Forskrifta tek hensyn til at avdrått og innhald i husdyrgjødsel har endra seg, sidan forrige grunnlagsmateriale på siste del av 1980- tallet.

 

Melkeku: Har 3 ulike ytelsesgrupper, og standard ytelse vil ligge mellom 7-9500 liter; levert meieriet, og her vil det verta ei innskjerping på 7,4 %. Har du derimot ein ytelse på 10 000 liter pr. ku, får du ei skjerping på 28,6 %. Ytelse under 7000 liter får ein liten reduksjon.

Øvrige storfe (ungdyr): Skjerping i krava på ca. 7 % i høve til tidlegare.

Ammekyr: Liten reduksjon i kravet pr. dyr.

Sau: Inga endring i høve til tidlegare.

Slaktegris: Stor reduksjon frå krav på 420 daa fulldyrka jord pr. 2100 slakta griser, til nytt krav om 222 daa fulldyrka jord til same produksjon.

Purker: For purker vert endringa heilt motsett, dei får ein auke i kravet på ca. 71 %.

 

For dei øvrige dyreslaga viser me til Landbruks-direktoratet som har puplisert ein kalkulator på sine nettsider, som me har lagt inn på våre nettsider også. Denne viser behov for tal daa spreieareal for ulike produksjonar.

 

Gjødsellager:

Overraskande nok vert det inga endring i krav til lagringskapasitet, denne vil fortsatt vera 8 mnd. For svinegjødsel vil det koma krav til dekke, for eit visst produksjonsomfang.

 

Tal kg fosfor du har lov til å spreie pr. daa areal, og når trer du ulike endringane i kraft?

*Innmarksbeite: For innmarksbeite vert det lov til å  nytte inntil 2 kg fosfor/daa/ år. Me veit ennå ikkje om det her er tale om tal daa brutto innmarksbeite eller tal daa netto innmarksbeite(fråtrukket stein). Me har engasjert oss sterkt for å tolke regelverket slik at det er brutto innmarksbeite som gjeld.  Me har prøvd å påvirke Statsforvaltaren, faglaga, landbruksdirektorat-et samt LMD. Foreløpig er det heile usikkert, og det er derfor vanskeleg for oss å godkjenne meir spreieareal på beitene før me veit resultatet. Forskjellen på desse berekningsmetodane vil utgjera om lag  3400 daa bare i Bjerkreim, omrekna til dyrka jord. Me kjem attende med meir detaljer her.

 

*Dyrka jord og overflatedyrka jord:

2025 og 2026:                                   3,5 kg P pr daa

2027 – 2029:                                     3,1 kg P pr daa

2030  - 2032:                                     3,0 kg P pr daa

2033 og vidare framover:                  2,7 kg P pr daa


Totalt gir dette ei innskjerping på 22,8 % + endringar på dei ulike dyreslaga.

Men - me er heldige i Rogaland, for i Agder vert det maksimalt lov å bruke 2,3 kg P pr daa frå 2033.

 

Det er imidlertid viktig å nytta desse åra godt til å tilpasse seg nytt regelverk, og ikkje vente til siste slutt. Husk at mineralgjødsla også inngår i dette talet for maksimalt tilført fosfor, så den reelle skjerpinga kan verta enda større for enkelte av dykk .

Det vil vera endå viktigare for Bjerkreimsbonden, å ha ei jord i god hevd både når det gjeld drenering og pH. Dette fordi med ein pH i jorda på om lag 5,5 er bare ca. 50 % av fosforet du tilførerer tilgjengelig for plantene. Med høgare pH, betrar du opptaket. Også for nitrogen får du ein positiv effekt med å kalke.

 

Biogass/Balansegjødsel og andre tiltak ?

Kva skal ein så gjera dersom ein har for lite spreie-areal, vil det hjelpe å levere husdyrgjødsla til eit biogassanlegg? I utgangspunktet vil det ikkje hjelpe noko i det heile, såframt du ikkje ber biogassanlegget om å separere ut litt av det fosforet du har for mykje på din gard. Då må dei finne alternativ nytte for dette.

Det er også høve for såkalt «balansegjødsling», det vil sei at du kan bruke opp til 3,5 kg fosfor pr. daa, dersom du klarer å dokumentere alle fosforstraumar inn og ut av garden din. Dette er særdeles komplisert, og vil bli lite brukt, om det ikkje vert laga enklare løysningar for dette.

Det ein kan gjera først av alt, er å vurdera om ein verkeleg treng innkjøpt fosfor i form av mineralgjødsel på din gard.

Dette vart ein kort gjennomgang av regelverket, litt forenkla, men me kjem tilbake med meir.

 

Du kan finna meir informasjon om forskrifta på landbruksdirektoratet sine nettsider. Her finn du og oppdatert fosforkalkulator.

 

 

Meir om godkjenning av innmarksbeite som spreieareal

  • Dei fleste bruk i Bjerkreim har etter søknad fått godkjent spreieareal på innmarksbeite. 
  • Gamle godkjenningar gjeld framleis men bare for det konkrete arealet som er godkjent.
  • Mange bruk har hatt arealendringar som utløyser krav om fornya godkjenning.
  • Landbrukskontoret prioriterer dette og har starta ein systematisk gjennomgang for å oppdatere spreiearealet på innmarksbeite.
  • Det er laga ei kartløysing for registrering av godkjent spreieareal.  Dei som har fått areala sine registrert der kan finna dette på spreiearealportalen til Temakart Rogaland.   
  • Dersom du treng meir info om korleis du kan finna ditt eige spreieareal kan du lasta ned og lesa denne "steg for steg"-instruksjonen:  "sjekke eige spreieareal" (PDF, 903 kB)

 

Førebels er det usikkerheit om korleis me skal godkjenna spreieareal etter den nye ordninga. Søknadar om godkjenning av nytt spreieareal vert difor sette litt på vent, fram til dette er avklart.

 

Svein Olav Tengesdal
Fagkonsulent landbruk
E-post
Telefon 51 20 11 73
Mobil 99 02 10 19
Ivar Tore Hetland
Fagkonsulent
E-post
Telefon 51 20 11 72
Mobil 92 48 13 21