Tilskot til naudstraumsaggregatBjerkreim kommune har sett av 100.000 kroner til å støtta innkjøp av naudstraumsaggregat på gardar i Bjerkreim.Formannskapet vedtok 02.04.2025 fylgjande retningslinjer for ordninga:Kommunen betaler ut tilskot til innkjøp av naudstraumsaggregat til landbruksføretak i Bjerkreim kommune. Tilskot vert utbetalt med kr 5.000 per innkjøpt naudstraumsaggregat. Kvart føretak kan berre motta tilskot ein gong. Ved utmåling av tilskot vert det ikkje gjort skilnad på om aggregatet er traktordrive, eller drive av eigen dieselmotor. Søkjarar må oppfylla vilkåra for mottak av produksjonstilskot, og ha driftssenter i Bjerkreim. Aggregatet må vera av ein storleik som dekkjer straumforbruket i dei aktuelle driftsbygningane på bruket. Det elektriske anlegget på bruket må tilpassast tilkopling av naudstraumsaggregat. Ved kjøp av brukt aggregat må ein forsikra seg om at aggregatet er i funksjonell stand før ein søkjer tilskot. Tilskotet er retta inn mot naudstraumsaggregat for profesjonell bruk. Det vert difor ikkje løyvd tilskot til mindre aggregat til ein innkjøpspris under kr 20.000 eks. mva. Det vert løyvd tilskot til aggregat innkjøpt frå 01.01.2025. Søknad om tilskot skal leverast på skjema fastsett av kommunen. Søknaden skal leverast i etterkant av gjennomført innkjøp, og kopi av faktura skal leggjast ved søknaden. Kommunen kan, i samband med sakshandsaminga, be om ytterlegare opplysningar ein finn naudsynt for å administrera ordninga. Dei løyvde tilskotsmidla skal setjast på eit eige bunde fond, og eventuelle midlar som ikkje vert brukt opp i løpet av året, vert overført til påfylgjande år. Dersom dei løyvde midlane vert brukt opp i løpet av året, vert tilskot utbetalt påfylgjande år etter ny løyving. Det er utvikla eige digitalt søknadsskjema for ordninga:Søk tilskot til naudstraumsaggregat: Publisert av Ivar Tore Hetland Publisert 27.05.2025 09.08 Sist endret 27.05.2025 09.08