KalkingstilskotBjerkreim kommune har sett av 400.000 kroner i tilskot til kalking av jorbruksareal i kommunen. Tilskotet er på 100 kroner per tonn. Formannskapet vedtok 02.04.2025 fylgjande retningslinjer for tilskot til kalking av jordbruksareal i Bjerkreim:Kommunen betaler ut tilskot til kalking av jordbruksareal i Bjerkreim kommune. Tilskot vert utbetalt med kr 100 per tonn kalk, uavhengig av type kalk og spreiingsform, om ein leiger inn folk til kalkinga, eller spreier kalken sjølv. Søkjarar må oppfylla vilkåra for mottak av produksjonstilskot, og driva jordbruksareal i Bjerkreim. Det vert løyvd tilskot til kalking fakturert frå 01.01.2025. Søknad om tilskot skal leverast på skjema fastsett av kommunen. Søknadsfrist vert sett til 15. oktober. Søknaden skal leverast i etterkant av gjennomført kalking, og kopi av faktura som syner mengd innkjøpt og spreidd kalk, skal leggjast ved. Kommunen kan, i samband med sakshandsaminga, be om ytterlegare opplysningar som til dømes på kva areal kalken er spreidd, eller andre opplysningar ein finn naudsynt for å administrera ordninga. Dei løyvde tilskotsmidla skal setjast på eit eige bunde fond, og eventuelle midlar som ikkje vert brukt opp i løpet av året, vert overført til påfylgjande år. Dersom dei løyvde midlane vert brukt opp i løpet av året, vert tilskot utbetalt påfylgjande år etter ny løyving.Ved stort avvik mellom innkomne søknader og avsett ramme, kan landbrukskontoret etter utløp av søknadsfristen tilpassa tilskotssatsen, slik at mest mogleg av dei avsette midlane kan nyttast i det gjeldande året. Det er utvikla eige digitalt søknadsskjema for ordninga:Søk kalkingstilskot Publisert av Ivar Tore Hetland Publisert 27.05.2025 08.40 Sist endret 27.05.2025 08.40