Ved påvist COVID-smitte - info frå smittevernlege

Bjerkreim har ingen lokale retningslinjer.  Dvs. at dei råda som blir gitt her, er identiske med råd som blir gitt på fhi.no.

Ved påvist smitte skal ein umiddelbart kontakta kommunen sin korona-telefon (tlf. 404 44960) slik at smitte-tilfellet blir kjent for kommunen, og isolasjonsperioden blir avtalt og dokumentert.  

Du bør også informera dine nærkontakter slik det står i rutinane på FHI.

mvh Knut Vassbø
smittevernlege