Sommerles.no

BLI MED PÅ DEN KULASTE LESEKAMPANJEN I SOMMAR!

Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7. klasse delta på Sommarles.no

Sommerles.no er laget for å motivere flest mulig barn til å lese mest mulig gjennom en lang sommerferie. Det skal være gøy å være med på sommerles!”

Premiene kan hentes på folkebiblioteket på Vikeså.

Sommarles gjer lesing endå gøyare! Du lagar ein profil på Sommarles.no, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og følger med på kva vennene dine les. Her kan du også lese ei superspennande forteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Har du ikkje tilgang til nett, kan du delta med eit lesekort. Spør på biblioteket!

 

Sommarles er for alle. For kvar bok du legg inn, får du XP (poeng) og går opp i level. Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lese høgt for deg - all lesing tel. Og sjølvsagt har vi premiar! Når du registrerer bøker du har lese, får du digitale trofé til profilen din på nettsida, og du kan hente premiar på biblioteket i løpet av sommaren.

 

“SOMMARLES” – ÅRETS DILLE FOR SKULEBARN!

Bloggaren «Pappahjerte»

 

Til foreldre/føresette

Sommarles.no er ein nettbasert lesekampanje og er laga for å motivere barn til å lese av eiga lyst. Det skal vere gøy å vere med! Barn som les jamleg i løpet av sommaren, styrkar leseferdigheitene sine gjennom ein lang ferie. Nokre les på fritida, men vi veit at dei barna som ikkje gjer det, stiller med eit dårlegare utgangspunkt ved skulestart. Vi håpar at de vil hjelpe oss med å motivere barna til å vere med på Sommarles.no. Det er ein fin aktivitet uansett kvar de skal feriere i sommar. Ta turen innom altom.sommarles.no for meir info  - eller besøk ditt lokale bibliotek.

 

GOD SOMMAR MED SOMMARLES.NO!