Smittestatus og tiltaksnivå 14. april

Status for Covid-19 smitte og tiltaksnivå i Bjerkreim kommune pr. 14.04.2021 kl. 13.00.

SMITTESITUASJON I BJERKREIM 14 APRIL

Kommunen har tre smitte-tilfeller siste 14 dagar, det tredje tilfellet blei påvist 13. april. Alle desse tre tilhøyrer same husstand, har kjent smitteveg, og er i isolasjon. Smittesporing og testing av nærkontaktar har ikkje påvist vidare smitte utanfor husstanden. Det pågår også gjennomført smittesporing og testing i samband med smitteutbrot i nabokommunar.

TESTING

For COVID-testar som er tatt i dag, vil det endelege svaret truleg foreligga i morgon eller seint i kveld. (Dei hurtig-testane som er tatt i dag, har ikkje påvist smitte - dette er imidlertid kun ein førebels peikepinn, det endelege svaret kjem frå sjukehuslaboratoriet.) Den siste veka har det vore 20-40 testar dagleg i Bjerkreim.

RISIKONIVÅ

Bjerkreim har 107 smittetilfeller pr 100.000 innbyggarar, siste 14 dagar. Alle har kjent smitteveg. Andel positive testar er under 5 %, det er god TISK-kapasitet, og ingen har hatt behov for sjukehusbehandling pga COVID-19. På grunnlag av antal smittetilfeller pr 100.000 innbyggarar og uavklart situasjon i regionen,blir risikonivå sett til 3. 

OM BJERKREIM SKULE

Dei fleste elevane i 5. klasse på Bjerkreim skule er tilbake i klasserommet i dag etter å ha vore i karantene.

LOKALE TILTAK

SKULAR: Begge skulane i Bjerkreim er på raudt nivå, og fortsetter på raudt nivå til og med fredag 16. april. Dette er delvis grunngitt med at skulane allereie er på raudt nivå, og sjølv om smittesituasjonen i Bjerkreim er oversiktleg pr i dag, kan dette endra seg dei næraste dagane. Den regionale smittesituasjonen gir også grunn til å avventa litt før skulane igjen går tilbake til gult nivå. Sannsynlegvis vil tiltaksnivå bli satt ned til gult nivå frå måndag 19. april, noko skulane kan førebu seg på. Takk til tilsette og elevar for godt samarbeid 😊

BARNEHAGAR: 

Barnehagane er framleis på gult nivå, slik dei har vore den seinare tida.

FRITIDSAKTIVITETAR: 

Den siste veka har det vore lokal tilråding om at fritidsaktivitetar skal drivast utan nærkontakt, også fotball og anna lag-idrett. Denne tilrådinga fell no bort, slik at fritidsaktivitetar for barn og unge frå i dag kan drivast i tråd med nasjonale retningslinjer og veileder frå Norges Idrettsforbund.

Mvh Knut Vassbø
smittevernlege