Smittesituasjon i Bjerkreim kommune måndag 12. april

Status for smittenivå pr. 12. april kl. 12.00

SMITTENIVÅ: Bjerkreim er på smittenivå 2.

PÅVIST SMITTE SISTE 14 DAGAR: Det er i dag to personar i isolasjon. For øvrig ingen påvist smitte siste 14 dagar i kommunen. 

KARANTENE: Nærkontaktar knytta til smitte i 5. klasse på Bjerkreim skule blir testa på ny tysdag 13. april. Dersom denne testen er negativ, vil desse kunne avslutta karantene. Undervisning for 5. trinn Bjerkreim skule kan tidlegast starta opp onsdag 14. april.  Det er forøvrig ein del innbyggarar som er sette i karantene / ventekarantene i smb med smitte i Eigersund, Hå og Sandnes.

TILTAK: Begge skulane er på raudt nivå minst fram til det er kome svar på testane som blir tatt 13. april. Smittesituasjonen i nabo-kommunane vil også kunne innverka på vurderinga.

For fritidsaktivitetar for barn/unge inkl. trening, gjeld framleis tilrådinga om at dei skal ha 1 meter avstand, og 2 meter avstand når borna tilhøyrer forskjellige kohortar. Også dette rådet vil bli revurdert når situasjonen er betre kartlagt.

Utover dette gjeld nasjonale tilrådingar.

TIDSPUNKT FOR NY VURDERING: Seinast onsdag 14. april kl 14, forhåpentlegvis er situasjonen tilstrekkeleg kartlagt kvelden 13. april.  Informasjon blir lagt ut på nettsida til Bjerkreim kommune.

Mvh Knut Vassbø
smittevernlege