Opplæringslova kap.10 hjemlar samarbeidet mellom skule og heim i formelle brukarorgan.
Organisering av brukerorgana i Bjerkreim kommune er elles fastsett i lokal forskrift vedteken av kommunestyret hausten 2024.
Forskrift gjer bestemmelsar om at alle skular i Bjerkreim skal ha eit samarbeidsutval som består av
Alle møtene startar kl. 19.30 og vert haldne i personalrommet på ungdomsskulebygget på Vikeså skule.
Medlemmer i samarbeidsutvaget
FAU klassekontaktar 2025/2026
På kvar grunnskole skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer. Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.
På Vikeså skule har vi som praksis per i dag, at alle klassekontaktar er med i FAU.
Ragnhild Svela er FAU-leiar for skuleåret 2025-2026.