Vikeså skule er miljøfyrtårnsertifisert

 01.09.2021 vart skulen ferdig sertifisert. Me er stolte bekreftinga på at me viser eit aktivit miljøansvar og bidreg der me kan til ei grøn omstilling.

Som skule har me eit spesielt ansvar for å oppdra neste generasjon til å ta miljøvennlege val basert på kunnskap og verdiar. Me skal skapa ein forståelse for korleis enkeltmenneske, bedriftar, organisasjonar og nasjonar kan påvirka miljøet minst mogleg gjennom dei enkelte vala me gjer. Dette er tydeleggjort i overordna del til kunnskapsløftet 2020 gjennom dei fagovergripande tema som skal gjennomsyra opplæringa i norsk skule. Miljøfyrtårnsertifisering er ei bekrefting på at me gjer mykje rett, og systemet vil hjelpa oss til å ha oversikt og kontinuitet på arbeidet me som skule gjer.