Nytt kunstverk på Vikeså skule

I løpet av vinteren har skulen samarbeida med kunstnar Renate Hermansen for å pynta opp uteområdet på ungdomsskulen. Illustrasjonen me har kome fram til er basert på ideen "Ver den du er, bli den du vil bli" og inneheld mykje symbolikk knytt til visjon og verdiar som skal prega skulen.

I illustrasjonen finn du ein ungdom med ide-teksten på t-skjorta. Nokre ser ei jente, andre er usikre på om det kan vera ein gut. Skulen sin visjon "Me vil vera med å gje elevane røter og venger slik at dei blir i stand til å meistra livet" er vevd inn med treet og fuglane. Treet har røtene solid planta i bøker med titlar bl.a. frå den nye overordna delen i læreplanen "Kunnskapsløftet 2020". Livsmeistring, berekraft, demokrati, medborgarskap og folkehelse er viktige fagovergripande tema me fremmer i skulen. ABC har fått sin naturlege plass i bokstabelen, samtidig har me titlar som go' nok, verda ventar og vennskap for å visa at me bryr oss om heile mennesket ikkje berre fagkunnskapen.

Fuglane representerer elevane våre, og det mangfaldet av typar som finnst i elevmassen vår. Kvar fugl har fått eit yrke og ein personlegheit. Ikkje alle typar og yrker kan bli representert på berre eitt bilete, men kanskje finn elevane sin favorittfugl som dei kan identifisera seg med?

Me håper kunstverket kan tilføra skulen og bygda noko nytt, visa kven me er og setta fokus på dei verdiane me vil skal prega skulekvardagen. Me håpar og at me saman kan ha glede av det i lang tid.

Svanhild Gjedrem
Rektor Vikeså skule
E-post
Telefon 51 45 93 02