Stortings- og sametingsvalet er 8. september

Stortingsvalget og sametingsvalget er måndag 8. september 2025. 

Kven har stemmerett?

Ved stortingsval har norske statsborgarar som har fylt/fyller 18 år innan utgangen av valåret og som er, eller har vore, registrerte som busette i Noreg, stemmerett. Du må dessutan stå i manntalet.

Sjekk om du står i manntalet

Manntalet vil bli lagt ut til offentleg ettersyn på kommunehuset frå rundt 8. juli, t.o.m. valdagen. Det er viktig at du som veljar sjekkar at du står i manntalet, spesielt om du har flytta til kommunen dette året. For å vera manntalsført i Bjerkreim kommune, må flytting vera registrert innan 30. juni. Dersom du ikkje står i manntalet i Bjerkreim kommune, kan du ikkje stemma her på valdagen, men du kan førehandsstemma her (då blir stemmegjevinga di sendt til den kommunen du står manntalsført i).

Dersom du meiner at du eller nokon andre er feil innført, eller ikkje står i manntalet til kommunen, kan du krevja at valstyret rettar opp feilen. Kravet må vera skriftleg og grunngjeve og sendast til: Bjerkreim valstyre, postboks 17, 4384 Vikeså, eller postmottak@bjerkreim.kommune.no.

Du kan førehandsstemma på kommunehuset

  • frå 1. juli kl. 10.00-14.00, og
  • frå 4. august - 5. september kl. 08.00-15.00,
  • ved å avtala tid utanom kontortida (ring tlf. 51 20 11 00).
  • frå 1.-3. september er det ope til kl. 19.00

Husk å ta med legitimasjon!

Tid for førehandsstemming på Bjerkreim omsorgsenter blir ein gong i siste veka før valet.

Generell informasjon om Stortingsvalet finn du på Valg.no.

Artikkelliste