Du kan førehandsstemma på kommunehuset

Same kvar i landet du er busett kan du frå og med måndag 11. august til og med fredag 5. september førehandsstemma både på stortingsvalet og sametingsvalet, i kva for ein kommune du vil. Dersom du står i manntalet i ein annan kommune, blir stemma di sendt dit.

Førehandsstemming på kommunehuset
I Bjerkreim kommune kan du førehandsstemma på kommunehuset på Vikeså (Nesjane 1, Vikeså) kvardagar mellom kl. 08.00 og 15.00.

Utvida opningstid på kommunehuset
Måndag 1., tysdag 2. og onsdag 3. september er det ope til kl. 19.00.

Du kan avtala tid til førehandsstemming utanom opningstida 
Ring tlf. 51 20 11 00 og gjer eventuelt ein avtale.

 

Førehandsstemming i institusjon
Det blir høve til førehandsstemming på Bjerkreim omsorgssenter torsdag 4. september mellom kl. 12.00 og 13.00.

Ambulerande førehandsstemming
Veljarar som ikkje kan stemma i oppsette lokale på grunn av sjukdom eller uførheit, kan søkja valstyret om å få førehandsstemme der dei oppheld seg (heime).
Ta kontakt på telefon 51 20 11 00 dersom det gjeld deg. Fristen for å søkja er torsdag 4. september kl. 12.00.

 

Hugs legitimasjon når du skal stemma!

 

Generell informasjon om Stortingsvalet finn du på Valg.no.