Informasjonshefte Bjerkreim skule 2024-2025

1 Velkommen til eit nytt skuleår

logo bjerkreimskule - Klikk for stort bilde

 

Nå startar eit nytt skuleår på Bjerkreim skule, og for nokon det første året av 7 år her hos oss. Her på skulen er me opptatt av at alle åra skal vera trygge, lærerike og ein god tid for eleven og heimen. Visjonen vår “saman for meistring” viser blant anna  til kor viktig det er at me har eit godt samarbeid med heimen. De er dei viktigaste personane i elevane våre sitt liv og ved å arbeide i lag vil me at  elevane våre opplever meistring både fagleg og sosialt. 
 

Skulen sine verdier er trygg, aktiv og læring. I verdien trygg legg me at alle elevar skal oppleve ein skulekvardag som opplevast trygg i vera i. Tryggleik er det viktigaste elementet i læring! For at barna skal oppleva det trygt på Bjerkreim skule arbeider me forebyggjande gjennom bl.a. TL, fokus på god klasseleiing og høg vaksentettleik i klassane. Dersom føresette opplever at sitt barn ikkje har det trygt og godt er det viktig at kontaktlæraren raskt får beskjed så me kan sette inn grep. 

I verdien aktiv ligg det at me arbeider for at elevane skal vera aktive både i læringssituasjonar, men også gjennom bevegelse. Satsinga vår på uteskole er eit viktig bidrag innanfor dette. 

Læring skjer på mange arenaer og inneheld både sosial og fagleg utvikling. På Bjerkreim skule har me fokus på at alle skal oppleve meistring gjennom ein variert og tilpassa undervisning, og ikkje minst læra i lag med andre.

Me ser fram til eit innhaldsrik skuleår og eit godt samarbeid.
 

Marianne H. Solberg            Karen Monge Ollestad
Undervisningsinspektør        Rektor