Informasjonshefte Bjerkreim skule 2024-2025

9 Diverse rutiner

Sjukdom/ anna fravær

Dersom eleven er sjuk eller skal vere borte frå skulen, må foresatte føre dette i Visma Flyt Skole før første time byrjar kl. 8:00, så me er sikre på at elevane våre er gjort rede for. 

Permisjon

Som hovudregel ønskjer me at elevane mistar minst mogleg av undervisninga, men dersom foresatte treng å søkje om permisjon for sitt barn, kan kontaktlærar innvilge fri inntil 3 dagar samanhengjande. Dette gjerast gjennom melding i visma flyt skole. Dersom det er permisjon lengre enn 3 dagar må føresette søke rektor om dette. Dette gjerast gjennom eit skjema de finn i Visma flyt skule. 

Utdeling symjeknapp

I løpet av 1.–7.trinn ved Bjerkreim skule er det vedteke at elevane får to symjeknappar gratis. Skulle elevar av ulike årsaker ønskja fleire knappar, må dei betala for dette. Det kostar 35kr. pr. stk.

Skulemateriell 

Elevane får ein del utstyr i løpet av skuletida. Dette er meininga skal vara heile skuleløpet. Dei får det med seg når dei sluttar skulen. Mistar dei noko eller øydelegg det, må dei kjøpa nytt. Dette kan bl.anna gjerast gjennom å kontakte inspektør. Målet er å få ein praksis der alle tek godt vare på ting, bøker og utstyr. Alle bøkene bør derfor ha brede.