Per Spødervold er årets kulturprisvinnarBjerkreim kommune har gitt kulturprisen 2025 til Per Spødervold for eit imponerande og langvarig engasjement i lokalsamfunnet.På kulturdagen søndag fekk han prisen for sitt allsidige og langvarige engasjement. Kulturprisen er ei påskjønning til personar eller lag som har gjort ein særleg innsats for kulturlivet i Bjerkreim.Gjennom fleire tiår har Per Spødervold sett tydelege spor i kulturlivet i Bjerkreim. Han har vore formann i Bjerkreim Ættesogelag sidan 1995, og har også hatt verv i idrettslaget, bygdeungdomslaget og i komiteen for Bjerkreimsmarken. Han har vore president i Bjerkreim Maratonklubb World Wide, og har fullført maraton i New York, Rio de Janeiro og Reykjavik.Spødervold har vore redaktør for medlemsbladet «Bræktet» (Bjerkreim bygdeungdomslag) i over ti år. Han er også ein aktiv bidragsytar i Facebook-gruppa «Bjerkreim før i tida», der han deler lokalhistorie og svarar på spørsmål frå andre interesserte.Gratulerer med velfortent kulturpris! Publisert av Bjørn Egil Gilje Publisert 01.12.2025 09.50 Sist endret 01.12.2025 12.07