Gratis barsel- og gravidtrening på Kraftverket Ønskjer du å vere aktiv under graviditeten, eller kome trygt i gang med trening etter fødsel?Merete Imsland Birkeland og datteren Solveig Imsland Espedal. Frå mars tilbyr Kraftverket i samarbeid med Bjerkreim kommune ei gratis treningsgruppe for gravide og deg som nyleg har fødd. Miljøet skal vere sosialt og inkluderande, der både du og babyen (opptil 1 år) er velkomne.Vi trenar i roleg tempo med pilates-inspirerte øvingar for kjernemuskulatur, bekkenbotn, rygg og hofter. Øvingane tilpassast dine behov, og du får god rettleiing i eit sosialt og trygt miljø.Praktisk informasjon:Tid: Onsdagar kl. 11:30–12:30 (annan kvar veke)Periode: 4. mars–10. juni (åtte økter)Stad: Gruppesalen på KraftverketPåmelding: e-post til kjersti@kraftverket-as.no eller SMS til 977 99 369Frist: 2. marsPris: Gratis, støtta av Bjerkreim kommuneUtstyr: Innesko, treningstøy, vannflaske og handkleInstruktør Kjersti har over 20 års erfaring og er sjølv firebarnsmor. Ho legg vekt på meistring, fellesskap og trygg progresjon. Publisert av Bjørn Egil Gilje Publisert 23.01.2026 18.00 Sist endret 23.01.2026 13.47