Elevbedrifter som skapar aktivitet og inkludering

Fem elevbedrifter gir elevane på Vikeså skule praktisk erfaring i å drive eigen verksemd. Gjennom valfaget utvikling av produkt og tenester lærer dei entreprenørskap, samtidig som dei bidreg med tenester til lokalsamfunnet.

Frå venstre Gjøran Ramsli, Mattis Stork og Torben Asheim - Klikk for stort bildeFrå venstre Gjøran Ramsli, Mattis Stork og Torben Asheim.

Elevane som tek valfaget får erfaring gjennom skulearbeidet. I samarbeid med Ungt Entreprenørskap har elevar på Vikeså skule starta  elevbedrifter, og elevane jobbar med alt frå volleyballtrening og hagearbeid, til barnebursdagar og baking.
– Det er gildt å gjere tenester for andre, seier Mattis Stork, som er med i UÅR EB.
– Dette er det mest interessante faget, eg får erfaringar eg faktisk kan bruke, seier Gjøran Ramsli.
Torben Asheim er ikkje i tvil:
– Det er det beste faget. Me får bestemme mykje sjølv.

Trioen står bak UÅR EB, utearbeid året rundt, og tilbyr tenester som måking, rydding i hage og klipping av hekk og plen når sesongen kjem. Elevane synest det er motiverande å kunne hjelpe folk i nærmiljøet, og samstundes lære korleis ein driv ei bedrift.

Skjermdump visittkort - Klikk for stort bilde

Volleyball, inkludering og samarbeid

TEAMM EB har starta med volleyballtrening for barn og unge frå 5. til 8. trinn, med trening kvar onsdag. Bedrifta ønskjer at ukrainske barn og unge skal få ein trygg møteplass med barn på same alder. I dagens skuletime jobbar dei med å få med Bjerkreim skule, og planlegg volleyballtreninga frå klokka 18 til 19. 

–  Inkludering, volleyball, samarbeid og aktivitet, svarer Elise Jelier, Ami Elisabeth Gjedrem, Mathilde Helland Nilsen, Mathea Byremo og Tuva Brattebø Ivesdal i kor når vi spør kvifor dette er eit kjekt valfag. 

Barnebursdag, baking og barnevakt

Bursdagsbyrået EB tilbyr å arrangere eller hjelpe til med barnebursdagar, med leikar, godteposar, baking, rigging og rydding.
— Vi hadde mange idear. Vi liker å bake og vi liker å passe ungar. Derfor er dette ein god kombinasjon, er Mathilde Evenstuen, Iman Hassan, Nadia Viktoria Niedzieska og Alva Sofie Fuglestad einige om. 
På Vikeså skule er det i samarbeid med Ungt entreprenørskap starta seks elevbedrifter dette skuleåret. Elevane har valfaget halvannan time kvar veke.  
— Å bruke elevbedrift som metode i faget gjer elevane ein unik moglegheit  til å arbeide praktisk, vere kreative, prøve, og ikkje minst, feile og reise seg igjen. Dei får erfaring med samarbeid på andre premissar enn ved vanleg gruppearbeid. I tillegg får dei forståing for økonomistyring, seier lærar Caroline Michalsen.

Dei fem elevbedriftene

frå venstre Tuva Brattebø Ivesdal, Elise Jelier, Ami Elisabeth Gjedrem,Mathilde Helland Nilsen, og Mathea Byremo - Klikk for stort bildeFrå venstre Tuva Brattebø Ivesdal, Elise Jelier, Ami Elisabeth Gjedrem,Mathilde Helland Nilsen, og Mathea Byremo.Frå venstre Iman Hassan, Nadia Viktoria Niedzieska, Mathilde Evenstuen og Alva Sofie Fuglestad - Klikk for stort bildeFrå venstre: Iman Hassan, Nadia Viktoria Niedzieska, Mathilde Evenstuen og Alva Sofie Fuglestad.diverse nøkkelringar, perler osv.  - Klikk for stort bildeNokre av produkta til Nice keychain.