4 Heim-skule-samarbeid
Vi minner først om teieplikta:
Eit trygt og tillitsfullt samarbeid kviler bl.a. på at alle partar hugsar på teieplikta. Eit tettare samarbeid med skulen inneber at ein kan få innsyn i forhold som har med enkeltelevar å gjera. Vi har i det heile plikt til å respektera personvernet til alle som arbeider i skulesamfunnet.
Innsynsrett
Elevar og deira føresette har etter personregisterloven §7, 1. og 2. ledd rett til innsyn. Det vil seia at dei har rett til å gjera seg kjende med dokument/rapportar skulen måtte ha om eleven.