Informasjon til elevar og føresette på barnetrinnet

12 Attgløymte klede og ting

Attgløymde klede blir framlagde v/trappenedgangen under vestibylen, og i ein kasse ved personalinngangen på barneskulen.
Klede som ikkje blir henta, går til Fretex kort tid etter heim-skulesamtaler er ferdige.
Klokker / smykke som er attgløymde blir lagt inn til kontorpersonell.

Ein minner elles om at

  • elevane har  LEKSEFRI  i feriar og etter fri- og planleggingsdagar
  • elevane ikkje har lov å gå utanfor skuleområdet i skuletida utan lov frå lærar. (Vakta skal i så fall underrettast).
  • det er påbod om å ha badehette i bassenget.
  • at føresette fylgjer føringar for levering/henting av elevane, parker i inngjerda område.
  • etter anbefaling frå trygg trafikk bør ikkje elevar sykle til skulen på eigenhand før dei er 10 år, men føresette avgjer sjølv dette.
  • ved avslutting jul/sommar kan elevane ha med seg snop for 30 kr. + ei 0,5 l. flaske med brus