Søk om kalkingstilskot

Bjerkreim kommune har sett av 400.000 kroner i tilskot til kalking av jorbruksareal i kommunen.

 Tilskotet er på 100 kroner per tonn. 

Digitalt søknadsskjema for å søk av kalkingstilskot

Retningslinjer

Formannskapet vedtok 02.04.2025 fylgjande retningslinjer for tilskot til kalking av jordbruksareal i Bjerkreim:

  • Kommunen betaler ut tilskot til kalking av jordbruksareal i Bjerkreim kommune. 
  • Tilskot vert utbetalt med kr 100 per tonn kalk, uavhengig av type kalk og spreiingsform, om ein leiger inn folk til kalkinga, eller spreier kalken sjølv. 
  • Søkjarar må oppfylla vilkåra for mottak av produksjonstilskot, og driva jordbruksareal i Bjerkreim. 
  • Det vert løyvd tilskot til kalking fakturert frå 01.01.2025. 
  • Søknad om tilskot skal leverast på skjema fastsett av kommunen. 
  • Søknadsfrist vert sett til 15. oktober. 
  • Søknaden skal leverast i etterkant av gjennomført kalking, og kopi av faktura som syner mengd innkjøpt og spreidd kalk, skal leggjast ved. 
  • Kommunen kan, i samband med sakshandsaminga, be om ytterlegare opplysningar som til dømes på kva areal kalken er spreidd, eller andre opplysningar ein finn naudsynt for å administrera ordninga. 
  • Dei løyvde tilskotsmidla skal setjast på eit eige bunde fond, og eventuelle midlar som ikkje vert brukt opp i løpet av året, vert overført til påfylgjande år. 
  • Dersom dei løyvde midlane vert brukt opp i løpet av året, vert tilskot utbetalt påfylgjande år etter ny løyving.
  • Ved stort avvik mellom innkomne søknader og avsett ramme, kan landbrukskontoret etter utløp av søknadsfristen tilpassa tilskotssatsen, slik at mest mogleg av dei avsette midlane kan nyttast i det gjeldande året.