Tilskot til avløysing under sjukdomTilskotet skal bidra til å finansiere avløysing på gardar med husdyrproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon når brukaren som følge av sjukdom eller anna ikkje kan delta i arbeidet på garden. Ordninga skal også bidra til å finansiere avløysing på gardar med planteproduksjon eller honningproduksjon når brukaren som følge av sjukdom eller anna ikkje kan delta i arbeidet på garden i onnetida (15.04 – 01.10).Refusjon av utgifter er avgrensa oppover til ein maksimal dagsats. Alle må søkje elektronisk. Søknaden må leverast innan eit år etter siste dag i perioden du søkjer for. Fyll ut og søkRegelverketOrdninga gjeld: sjukdom svangerskap/fødsel adopsjon av barn under 15 år følgje sjukt barn til behandling dødsfallNB! Avløysar må vere fylt 15 år og ikkje vere ektefelle/sambuar.Du må ha hatt næringsinntekt frå garden på minst halvparten av grunnbeløpet i folketrygda. Dersom begge ektefellene har arbeid på bruket er det svært viktig at det blir ført minst ein halv G inntekt på kvar. På den måten får begge rett til sjukepengar.Ved langtidssjukemelding vil refusjonen verta avgrensa til 365 dagar i ein 3-årsperiode.Meir utfyllande informasjon om regelverket Det finn du på Landbruksdirektoratet sine sider.Frå dag 17. gjeld også sjukepengeordninga. Den skal sørgje for at jord- og skogbrukarar får utbetalt sjukepengar rekna ut frå 100 prosent av sjukepengegrunnlaget frå 17. dag av sjukemeldingsperioden. NAV forvaltar sjukepengeordninga for jord- og skogbrukarar som ein del av si vanlege sjukepengeforvalting, og du må sende søknaden til NAV. Les meir om regleverket og sjukepenger frå NAV. Publisert 08.02.2019 15.10 Sist endret 27.08.2025 13.44