Ergoterapi for barn 0 til 16 år

Ergoterapeuten hjelper menneske å fungera optimalt i kvardagen når dei har problem med daglege gjeremål på grunn av sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne.

Kven kan få ergoterapi for barn mellom 0-16 år?

Barn som av ulike grunner har nedsett funksjonsevne kan få hjelp av ein ergoterapeut.

Nettside for habiliteringstjenesten for barn og unge i Rogaland. 

Kva kan barneergoterapeut hjelpa deg med?

  • Kartlegga funksjon
  • Kartlegga aktivitetsutføring og trena daglege aktivitetar (ADL)
  • Vurdering og trening av hand/finmotorikk
  • Vurdera, prøva ut, søka om og tilpassa hjelpemiddel
  • Tilrettelegging i heim, skule eller barnehage
  • Rådgjeving og rettleiing til føresette og samarbeidspartnarar
  • Tett samarbeid med fysioterapeut 

Foreldre kan ta direkte kontakt, eller barnet kan få tilvising frå helsesøster, lege, barnehage, skule, spesialisthelsetenesta eller andre med godkjenning frå føresette.

Anette Frøland Tjørhom
Ergoterapeut