Kva kan barnefysioterapien bidra med?Fysioterapi for barn er for innbyggjarar som er under 18 år og kan trenga behandling. Vurdering og undersøking av barn enten i våre lokale eller på helsestasjonenBehandling og førebyggingOppfølging i heim ved behov dersom medisinske eller andre forhold gjer det nødvendig eller det er mest praktiskOppfølging og rettleiing i barnehage og skule; då drar fysio- og ergoterapeutane ut til barnehagar og skular for individuell oppfølging og tilrettelegging i samarbeid med personaletMe deltar i tverrfagleg oppfølging av barn og er med på samarbeidsmøte med aktuelle instansar som foreldre, barnehage, skule, helsesøster, fastlege, spesialisthelseteneste eller hos HjelpemiddelsentralenFysioterapeut har tett samarbeid med ergoterapeut ( hyperkopling til ergoterapi sida) for å vurdera, prøva ut, søka om og tilpassa aktuelle hjelpemiddel i heim, barnehage eller skuleKven kan tilvisa?Foreldre kan sjølv tilvisa til fysioterapeut, eller tilvisinga kan gå gjennom barnehage, skule, helsestasjon, fastlege eller sjukehus med godkjenning frå føresette. Tilvisingsskjema til kommunal fysioterapeut gjeld berre for innbyggjarar i Bjerkreim kommune.Tilbod til barn i BjerkreimkommuneI tillegg til individuell oppfølging har vi også oppfølging i grupper (både faste grupper og grupper sett saman etter behov).Kva kostar det?For barn under 16 år og personar med godkjent yrkesskade er tilbodet gratis. Publisert av Bjørn Egil Gilje Publisert 30.10.2026 14:40 Sist endret 30.10.2026 14:41