Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Det skal vera godt å veksa opp i Bjerkreim. 

Nokon barn og familiar i kommunen treng ekstra merksemd og støtte for å leva gode liv. For å kunne fanga opp desse barna og familiane har kommunen innført samhandlingsmodellen BTI = Betre Tverrfagleg Innsats. 

BTI samhandlingsmodell inneheld BTI-rettleiar som seier kva personalet skal gjera for å avklara om eit barn ein er blitt merksam på har behov for:

  • vidare oppfølging (nivå 0), 
  • når eit barn eller ein ungdom skal følgast opp i eigen einheit (nivå 1), 
  • når fleire instansar samhandlar rundt barnet/ungdommen og familien (nivå 2) 
  • og i dei mest komplekse sakane (nivå 3). 

Hensikta med BTI er å sikra tidleg innsats, god samordning av tenester og reell brukarmedverkning.