Klage på barnehageopptaket
Du har rett til å klaga eller be om ei skriftleg grunngjeving dersom du ikkje får ditt første eller andre ønske oppfylt i hovudopptaket. Klagen skal vera skriftleg og sendast til Bjerkreim kommune på post@bjerkreim.kommune.no.
Klage på barnehagetilbodet
- Gjeld klaga kvaliteta på barnehagetilbodet bør du først ta det opp med leiinga i barnehagen. Det beste er å løysa saka på lågast mogleg nivå
- Dersom saka ikkje kan løysast, kan du kontakta barnehageeigar. For kommunal barnehage er det kommunalsjef for oppvekst og kultur som er barnehageeigar. I Bjerkreim har vi ein privat barnehage, Storafjellet FUS barnehage.
- Om du opplev at barnehagen ikkje følger opp bekymringa når du har gitt beskjed til barnehagen sin styrar, kan du ta kontakt med tilsynsmyndigheita i Bjerkreim kommune.
Trygt og godt barnehagemiljø
Alle barn i Bjerkreim kommune har rett på eit trygt og godt barnehagemiljø, utan krenkingar eller mobbing. Barnehagane skal sørga for at barna i Bjerkreim har det trygt og godt. Kapittel VIII psykososialt barnehagemiljø i barnhageloven tredde i kraft 01.01.2021. Barnehagane skal ha nulltoleranse og arbeida førebyggande for eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø. Alle som arbeider i barnehagen skal følga med på korleis barna har det, gripa inn dersom eit barn utsettast for krenkingar og melda frå til styrar ved mistanke om, eller kjennskap til, at eit barn ikkje har det trygt og godt. Styrar skal melda frå til barnehageeigar ved alvorlege tilfeller.
Foreldre må straks ta kontakt med barnehagen dersom dei er bekymra for om barnet ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Barnehagen har aktivitetsplikt for å sikra at barnehagebarna har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø, og skal snarast undersøka saken og setta inn tiltak slik at barnet får det trygt og godt.
Barnehagane har skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeidar i barnehagen får mistanke om eller kjennskap til at ein som arbeider i barnehagen krenkar eit barn. Då skal vedkommande straks melda frå til styrar. Styrar skal melda frå til barnehageeigar. Undersøkingar og tiltak skal setjast i gang straks.
Meir informasjon om trygt og godt barnehagemiljø: