Etiske retningslinjer for politikere

5 Vår rolle

Som folkevalde i Bjerkreim har vi ei viktig rolle. Vi har fått tillit frå innbyggjarane til å ivareta lokalsamfunnet sine interesser, og skal gjera dette på ein open og etisk god måte. At innbyggjarane har tillit til dei folkevalde, er ein grunnleggande føresetnad i demokratiet vårt. 


Som folkevalde må vi vera merksame på at vi også i private samanhengar kan verta assosierte med Bjerkreim kommune. Vi må derfor vera bevisste på rolla vår, f.eks. når vi brukar sosiale medier.