7 Personlege fordelar
Gåver
Vi skal unngå personlege fordelar som kan påverka saksførebuing, vedtak eller utøving av tenester, eller som kan føra til at nokon oppfattar det slik. Dette gjeld for alle typar fordelar som gåver, personlege rabattar, subsidierte (eller gratis) reiser, eller liknande.
Folkevalde skal ikkje ta imot gåver eller personlege fordelar, med mindre det er ei gåve eller ein fordel av symbolsk verdi (bøker, blomar e.l.).
Dersom ei gåve eller ein fordel ikkje er av symbolsk verdi, skal gåva returnerast med ei forklaring som viser til våre etiske retningslinjer. Er ein i tvil, kan det diskuterast med gruppeleiar eller ordførar.
Reiser og opphald
Folkevalde skal orientera eige parti, før reisa finn stad, om reisa vert dekka av andre enn kommunen, KS, anna offentleg verksemd, eller eige parti. Unntak frå dette er kostnadsdekning i samband med oppdrag som naturleg følgjer av vervet. I utgangspunktet skal ikkje reiser dekkast av andre.
Representasjon
Moderate former for gjestfridom og representasjon høyrer med i eit samarbeidsforhold. Dette må ikkje utviklast slik at det påverkar vedtaksprosessen, eller kan føra til at nokon oppfattar det slik.
Kommunen sine interesser og ressursar
Fortruleg informasjon skal nyttast til å ivareta kommunen sine interesser, og ikkje private økonomiske interesser. Ved å opptre ærleg, ansvarleg og ope kan vi ha ein tillitsfull relasjon til innbyggjarane og sikra at ressursane vert brukte til å fremja fellesskapet sine interesser.
Rabattavtalar
Folkevalde skal ikkje utnytta posisjonen sin til å inngå rabattavtalar, og heller ikkje nytta kommunen sine leverandøravtalar til privat bruk. Dette gjeld ikkje tilbod knytte til kommunen sine velferdsordningar.