2 Open og romsleg
Ytringsfridommen er ein grunnleggjande menneskerett. Folkevalde er beskytta av den same ytringsfridommen som gjeld utanfor arbeidslivet.
Bjerkreim kommune skal vera ein open og romsleg organisasjon, med god intern kommunikasjon og godt ytringsklima. Det skal vera trygt for folkevalde å ta opp kritikkverdige forhold.
Dersom det vert gjort feil, skal vi følgja dette opp, og samstundes sjå på dette som ein moglegheit til forbetring.