Etiske retningslinjer for politikere

4 Informasjon

God informasjon og opne prosessar er avgjerande for tillit og god demokratisk styring. Openheit må gjelda mellom folkevalde, overfor administrasjon, ut mot lokalsamfunn og overfor presse. Innsyn inneber at omverda får sjå korleis kommunen vert driven. Då vil fleire utanfor kommunen, f. eks. media, kunna avdekka eventuelle kritikkverdige forhold. 
 

Mangel på openheit kan redusera tilliten til at avgjersler er fatta på rett grunnlag, og det kan gje grobotn for mistru. 
 

Kommunelova og offentleglova er lovar som gjev rettslege rammer knytte til openheit og offentlegheit.