Etiske retningslinjer for politikere

6 Habilitet

Vi skal unngå å koma i situasjonar som kan føra til konflikt mellom kommunen sine interesser og private interesser. Vi skal derfor orientera om bi-erverv og om verv i organisasjonar sidan slikt kan føra til inhabilitet eller brot på lojalitetsplikta. 


Som folkevalde vil vi ofte vera inhabile viss vi er knytte til ei sak, eller til partar i ei sak. Inhabilitetsreglane skal sikra korrekte avgjersler, oppretthalda tilliten til dei som fattar avgjerslene. Dei skal også beskytta folkevalde mot at det vert reist tvil om truverdigheita deira. 


I ein kommune som Bjerkreim, der mange kjenner mange, vil folkevalde ofte behandla saker som angår folk dei kjenner. I spørsmål om habilitet finst det eit lovverk som seier tydeleg kva familieforhold m.m. ein skal vektleggja i vurderinga av habilitet. Det er det politiske organet, dvs. utvala eller kommunestyret, som avgjer habilitet. 
 

Habilitet vert omtala i forvaltningslova og kommunelova. Det er også gitt ut rettleiingsskriv om habilitet, desse er nyttige for folkevalde. I særs vanskelege saker kan ein få hjelp til å henta inn juridiske vurderingar.