Vedteke av kommunestyret 9. desember.
Folkevalde har ansvar for å forvalta samfunnet sine fellesmidlar. Det er derfor viktig å vera ærleg, påliteleg og open i rolla som folkevald.
Gjennom vedtaka vi fattar, og gjennom kommunikasjonen vår, vil innbyggjarane i Bjerkreim kunna merka kva verdiar vi ønskjer å byggja på.
Det er viktig at vi som folkevalde legg vekt på å setja høge krav til den etiske standarden vi vil stå for. Slik oppnår ein tillit både hos innbyggjarane og inn i organisasjonen.
For å medverka til at dei etiske retningslinjene vert tydelege for dei folkevalde bør etikk, og ulike etiske dilemma, drøftast jamleg i dei politiske utvala.