Vis omsyn og hugs refleks

Rektor Svanhild Gjedrem på Vikeså skule har eit klart bodskap til elevar, foreldre og andre som ferdast i trafikken i vintermørket. 

Rektor Svanhild i mørket med refleks - Klikk for stort bilde


— Ingen lyser i mørket utan refleks. Barn, ungdom og vaksne må bruka refleks til/frå skule og barnehage, og elles når dei ferdast i trafikken. Om morgonar og ettermiddagar må bilistar vera ekstra merksame i områda rundt skuler og barnehagar, slik at alle kjem trygt fram dit dei skal, oppmodar ho.  
Les meir om refleks hos Trygg trafikk.