Sløydsalen på Vikeså skule er pussa opp etter nesten 60 årGolvet er slipt, veggane er nymåla og nye sløydbenkar er på plass. Etter nesten 60 år har sløydsalen på Vikeså skule fått ei etterlengta oppgradering.Sløydsalen har vore i bruk sidan 1967. Mykje har vore det same heilt fram til i dag, både sløydbenkane, delar av utstyret og den gode lukta av tre.I sommarferien blei golvet reparert og slipt, rommet måla og dei gamle benkane bytte ut med nye møblar. Kommunen har brukt rundt 500 000 kroner på arbeidet. Har venta lenge på oppussingRektor er glad for at arbeidet endeleg er gjort.– Vi har bedt om dette i ti år, så det er fantastisk at det endeleg skjer. Det varmar kunst- og handverkshjartet til ein rektor, seier rektor Svanhild Gjedrem.Sløydsalen ber også på mykje lokal skulehistorie. Tavla og frakken frå tida då Sverre Strandberg styrte sløydundervisninga, hang i rommet heilt fram til oppussinga. Noko av verktøyet kan også ha vore med sidan 1967.Då sløydsalen var ny, hadde gutar og jenter sløyd kvar for seg. Etter kvart fekk alle elevane same opplæring. Gjennom åra har mange elevar fått sine første erfaringar med trearbeid nettopp her.Elevane merkar forskjellenÅttandeklassingane Herman Skretting Skjæveland, Vegard Frøyland, Una Amalie Fuglestad Skutlaberg og Olivia Sofie Osvold er blant elevane som no får bruke den oppgraderte salen.I arbeidslivsfag har dei funne fram blyant, vinkel og verktøy for å lage fuglematarar.Dei synest framleis det luktar skikkeleg sløydsal, sjølv om mykje er nytt.– Golvet er lyst og fint. Benkane er nye og mykje betre enn dei gamle. Dei gamle var holete, og skrustikkene fungerte ikkje skikkeleg. Vi er nøgde med den nye sløydsalen, seier elevane. Publisert av Bjørn Egil Gilje Publisert 14.09.2026 13.40 Sist endret 14.09.2026 14.41