9. trinn sel lapskaus til inntekt for TV-aksjonen

Elevane på 9. trinn ved Vikeså skule lagar heimelaga lapskaus og inviterer innbyggjarane i Bjerkreim til å kjøpe middag.

På biletet, bak frå venstre: Mathea Byremo, Vilde Hetland, Jokubas Kubicas og Madelen Ommedal Eikeland. Framme frå venstre: Zofia Gola og Elise Jelier. - Klikk for stort bildePå biletet, bak frå venstre: Mathea Byremo, Vilde Hetland, Jokubas Kubicas og Madelen Ommedal Eikeland. Framme frå venstre: Zofia Gola og Elise Jelier.

Pengane går til TV-aksjonen «Saman for menneske på flukt».

I veke 42 blir det «Ta heim-middag» frå skulekjøkkenet på Vikeså skule. Elevane lagar varm lapskaus av norske, ferske råvarer, klar til å ta med heim.
Lapskausen kan hentast på skulekjøkkenet måndag 12., torsdag 15. og fredag 16. oktober mellom klokka 15 og 16. Ein stor porsjon på 500 gram kostar 60 kroner. Ein liten porsjon på 250 gram kostar 40 kroner.

Bestill innan klokka 10 måndag 12. oktober på telefon 994 57 005. Du betaler med Vipps når du hentar maten.
Hugs å ta med eigen boks! Inntektene går til TV-aksjonen «Saman for menneske på flukt».
 

Plakat med informasjon om lapskaussalget - Klikk for stort bilde