Søk om hundeport eller gjerdeklyvarDet er plassert ut mange gjerdeklyvarar i Bjerkreim langs dei minst 420 kilometrane med merka turstiar.Nokre av klyvarane har no sett sine beste dagar, og dei er dermed ikkje sikre lenger, og ein gjer lurt i å skrifta dei ut.GjerdeklyvarHar du behov for å skifta ut den gamle eller treng fleire gjedreklyvarar langs dine turstiar, så ta kontakt med oss på landbrukskontoret for søknad om dette. HundeportIkkje alle hundane vil gå over dei oppsette gjerdeklyvarane. No har kommunen frå 2023 gjort avtale med Uninor slik at dei også kan produsera hundeportar for oss. De som har merka turstiar på dykkar eigedom kan no søkja om å få tildelt dette gratis. SøknadsskjemaSøknadsskjema for gjerdeklyvar.Søknadsskjema for hundeport.Både gjerdeklyvarane og hundeportane blir produserte hjå Uninor. Uninor set pris på oppdraget, då dette er eit perfekt arbeid for deira bedrift. Dette er også veldig praktisk for kommunen og bøndene, med kort veg til henting av produktet. Uninor produserer klyvarar og hundeportar ved behov, og vil alltid ha på lager. Når du har fått godkjent søknaden hjå oss, kan du henta klyvar eller hundeport gratis hjå Uninor. Publisert 19.10.2021 12.31 Sist endret 21.08.2026 11.23