Ergoterapi for vaksne

Ergoterapeuten hjelper menneske til å fungera optimalt i kvardagen når dei har problem med sine daglege gjeremål grunna sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetting.

Kva kan ergoterapeuten hjelpa med?

  • Kartlegging av funksjon
  • Trening i daglege aktivitetar
  • Tilpassing av aktivitetar og arbeidsvanar
  • Søka om samt tilpasse hjelpemiddel
  • Tilrettelegging i heim, skule eller på arbeidsplass
  • Rettleiing, informasjon og rådgjeving
  • Rådgjeving ved endring av bustad og i planlegging av bustad.

Kven kan få ergoterapi?

Personar som har, eller står i fare for å få, vanskar med å klara sine daglege aktivitetar.

Korleis få kontakt med ein ergoterapeut?

Ring eller send e-post. Ergoterapeut jobbar måndagar, onsdagar og torsdagar.  

Kva skjer vidare?

Etter tilvising tar ergoterapeuten kontakt med deg. Ventetida varierer, og avhenger av nødvendig prioritering og ledig kapasitet. Viss du må venta ein månad eller meir, får du skriftleg svar og informasjon om ventetida.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Anette Frøland Tjørhom
Ergoterapeut