5 Samarbeid mellom SFO, skule, barnehage og andre
Omsynet til barns beste skal ligge til grunn når SFO samarbeider med skule, barnehage og andre offentlige instansar. SFO lyttar og tar omsyn til det barna sjølv formidlar om sin oppleving av fellesskapet i SFO.
Den viktigaste samarbeidspartneren for SFO er føresette og skule, så vi ynskjer ein god dialog i arbeidet med å ivareta barnets beste. Eit godt og tillitsfullt samarbeid mellom SFO og heimen er grunnleggande for kvaliteten. SFO skal samarbeide med heimen og skulen for å gje ein best mulig heilhet i kvardagen for barna. I følgje arbeidsmiljøloven er personalet på SFO pålagt teieplikt.
SFO skal gje foreldre og føresette informasjon om tilbodet, avklare gjensidige forventningar og legge til rette for at foreldre kan bidra i arbeidet med å vidareutvikla kvaliteten. Vi har ikkje foreldresamtaler eller foreldremøter men vi har daglig kontakt med foreldre når barna blir henta. I tillegg har vi kontakt med foreldre via telefon, e-post og gjennom Visma. Vi legger ikkje ut vekeplan eller månadsplan men du finner aktivitetsplan på side 11.
SFO skal samarbeide med barnehagen og skolen om barna sin overgang frå barnehage til skule og SFO. SFO – leiar deltar på aktuelle overgangsmøter og deltar på førskuledagane, der barna blir kjent med lokalane.
Alle som arbeider i SFO skal bidra til å oppfylle måla i rammeplanen med utgangpunkt i sine erfaringar og sin kompetanse. SFO har personalmøte ei gong kvar veka der vi planlegger og evaluerer innhald og driver kompetanseheving. SFO – leiar har kvar veke møte med rektor, og samarbeider og med administrasjonen.