7 Demokrati og fellesskap , bærekraft m.m
SFO skal være ein stad der barna opplever demokrati i praksis, et sted kor dei bli høyrt, opplever at dei har reell innflytelse og kan påverke det som angår dei. Arbeidet med demokrati og medborgarskap inneberer også at barna får øve seg på å respektere usemje og løyse konfliktar på ein fredelig måte. Barna skal oppleve at det er rom for og respekt for at menneske er forskjellige og at SFO representerer ein motvekt mot fordommar og diskriminering.
Bærekraftig utvikling
Bærekraftig utvikling handlar om å verne om livet på jorda og ta vare på behov til menneske som lever i dag, utan å øydelegge framtidige generasjoners moglegheiter. SFO kan bidra til at barn kan forstå litt meir av samanhengen mellom sosiale-, økonomiske– og miljømessige forhold. SFO kan bidra til at barna kan forstå at dagens handlingar har konsekvensar for framtida, lokalt og globalt.
Folkehelse og livsmestring
Grunnlaget for gode vaner og eiget sjølvbilde dannas i barndommen. SFO skal være ein arena som fremmer rørsleglede og motorisk utvikling, og et sted der alle kan oppleve mestring. Måltider og matlaging i SFO skal gje barna eit grunnlag for å utvikle matglede og sunne helsevaner.
Livsmestring dreier seg om å kunne forstå og å kunne påverke faktorar som har betyding for mestring av eiget liv. SFO kan bidra at barna utviklar et positivt sjølvbilde og ein trygg identitet. Temaet skal bidra til at barna lærer å handtere medgang og motgang, og personlige og praktiske utfordringar på ein best mogleg måte.
Skaparglede og utforskartrang
Barn og unge er nysgjerrige og ønskjer å oppdage og skape. Barna skal få rike moglegheiter til å utvikle engasjement og utforskartrang. SFO skal bidra til den gode barndommen ved å gje barna moglegheit for leik som kjelde til trivsel. Leik er en grunnleggande livs- og læringsform.
Kunst og kultur omfattar mange fagområder, og har betyding for den enkeltes personlige utvikling. Kulturelle opplevingar har ein eigenverdi, og barna skal få oppleve eit variert spekter av kulturuttrykk gjennom si tid i SFO. Å være sammen om kulturelle opplevingar og å gjøre noko eller skape noko felles, bidrar til samhørigheit. Barn skaper sin eigen kultur ut frå eigne opplevingar og i samvær med andre barn.